Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 10:3-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Ein dag ved den niande timen hadde han eit syn. Han såg tydeleg at ein engel frå Gud kom inn til han og sa: «Kornelius!»

4. Kornelius stirte på han og spurde skjelvande redd: «Kva er det, herre?» Engelen svara: «Bønene dine og gåvene dine til dei fattige har stige opp til Gud og mint han om deg.

5. Send no folk til Jaffa og hent ein mann som heiter Simon med tilnamnet Peter.

6. Han bur hos garvaren Simon, som har eit hus nedmed sjøen.»

7. Då engelen som tala til han, var faren bort, kalla Kornelius til seg to av tenarane sine og ein gudfryktig soldat, ein av oppassarane.

8. Han fortalde dei kva som hadde hendt, og sende dei så av stad til Jaffa.

9. Dagen etter, medan dei var på vegen og nærma seg byen, gjekk Peter opp på taket for å be. Det var omkring den sjette timen.

10. Då vart han svolten og ville få seg mat. Medan dei laga til maten, kom han i ekstase,

11. og han såg himmelen open og noko koma dalande ned. Det såg ut som ein stor duk som vart firt ned på jorda etter dei fire hjørna.

12. I duken var det alle slags dyr som lever på jorda, firføtte dyr og krypdyr, og alle slags fuglar under himmelen.

13. Og det kom ei røyst som sa: «Stå opp, Peter! Slakt og et!»

14. «Det kan eg ikkje, Herre!» svara Peter. «Aldri har eg ete noko vanheilagt eller ureint.»

15. Då tala røysta til han andre gongen: «Det som Gud har sagt er reint, skal ikkje du rekna som ureint.»

16. Dette hende tre gonger, og så vart duken teken opp att til himmelen.

17. Som no Peter var i villreie om kva det kunne tyda, det synet han hadde hatt, kom mennene frå Kornelius. Dei hadde spurt seg fram til huset hans Simon, og no stod dei utfor porten.

18. Dei ropa inn og spurde om Simon med tilnamnet Peter budde der.

19. Og medan Peter endå grunda på synet, sa Anden til han: «Her er tre menn som spør etter deg.

20. Skund deg og gå ned! Du skal følgja dei utan å nøla, for det er eg som har sendt dei.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 10