Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 10:22-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Dei svara: «Offiseren Kornelius, ein rettferdig og gudfryktig mann som heile jødefolket har berre godt å seia om, har fått ein bodskap frå ein heilag engel som sa at han skulle henta deg heim til seg og høyra kva du har å seia.»

23. Så bad Peter dei inn og lét dei bu der om natta.Dagen etter tok han av stad saman med dei, og nokre av brørne frå Jaffa var med han.

24. Neste dag nådde dei Cæsarea. Kornelius venta dei og hadde bede saman slektningane og dei næraste venene sine.

25. Som no Peter skulle gå inn, kom Kornelius imot han, kasta seg ned for føtene hans og tilbad han.

26. Men Peter reiste han opp og sa: «Stå opp! Eg er eit menneske, eg òg.»

27. Medan dei snakka saman, gjekk dei inn. Der fann han mange som hadde samla seg,

28. og han sa til dei: «De veit at det ikkje er tillate for ein jøde å omgåast eller vitja nokon frå eit anna folk. Men meg har Gud vist at eg ikkje skal kalla noko menneske vanheilagt eller ureint.

29. Difor kom eg utan motmæle då eg vart bodsend. Men no spør eg: Kvifor har de sendt bod etter meg?»

30. Då sa Kornelius: «For tre dagar sidan heldt eg bøn heime i huset mitt. Det var på same tid som no, i den niande timen. Med eitt stod det ein mann i lysande klede framfor meg.

31. ‘Kornelius’, sa han, ‘Gud har høyrt bøna di og har kome i hug at du gjev til dei fattige.

32. Send bod til Jaffa og be Simon med tilnamnet Peter koma hit! Han held til hos garvaren Simon, som bur nedmed sjøen.’

33. Då sende eg straks bod etter deg, og du gjorde vel som kom. No står vi alle her for Guds andlet og vil høyra alt som Herren har pålagt deg å seia.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 10