Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 10:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I Cæsarea budde det ein mann som heitte Kornelius, ein offiser i den hæravdelinga som vart kalla Den italiske.

2. Han var ein from mann, og både han og huslyden hans var gudfryktige. Han gav ofte gåver til dei fattige i folket, og han bad alltid til Gud.

3. Ein dag ved den niande timen hadde han eit syn. Han såg tydeleg at ein engel frå Gud kom inn til han og sa: «Kornelius!»

4. Kornelius stirte på han og spurde skjelvande redd: «Kva er det, herre?» Engelen svara: «Bønene dine og gåvene dine til dei fattige har stige opp til Gud og mint han om deg.

5. Send no folk til Jaffa og hent ein mann som heiter Simon med tilnamnet Peter.

6. Han bur hos garvaren Simon, som har eit hus nedmed sjøen.»

7. Då engelen som tala til han, var faren bort, kalla Kornelius til seg to av tenarane sine og ein gudfryktig soldat, ein av oppassarane.

8. Han fortalde dei kva som hadde hendt, og sende dei så av stad til Jaffa.

9. Dagen etter, medan dei var på vegen og nærma seg byen, gjekk Peter opp på taket for å be. Det var omkring den sjette timen.

10. Då vart han svolten og ville få seg mat. Medan dei laga til maten, kom han i ekstase,

11. og han såg himmelen open og noko koma dalande ned. Det såg ut som ein stor duk som vart firt ned på jorda etter dei fire hjørna.

12. I duken var det alle slags dyr som lever på jorda, firføtte dyr og krypdyr, og alle slags fuglar under himmelen.

13. Og det kom ei røyst som sa: «Stå opp, Peter! Slakt og et!»

14. «Det kan eg ikkje, Herre!» svara Peter. «Aldri har eg ete noko vanheilagt eller ureint.»

15. Då tala røysta til han andre gongen: «Det som Gud har sagt er reint, skal ikkje du rekna som ureint.»

16. Dette hende tre gonger, og så vart duken teken opp att til himmelen.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 10