Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 1:13-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Inne i byen gjekk dei opp på den salen der dei brukte å halda til. Det var Peter og Johannes, Jakob og Andreas, Filip og Tomas, Bartolomeus og Matteus, Jakob, son til Alfeus, Simon seloten og Judas, son til Jakob.

14. Alle desse heldt trufast saman i bøn, i lag med nokre kvinner og Maria, mor til Jesus, og brørne hans.

15. Ein gong i desse dagane steig Peter fram mellom syskena. Det var samla om lag hundre og tjue menneske.

16. «Mine sysken», sa han, «det måtte oppfyllast, det skriftordet som Den heilage ande lét David seia om Judas, han som vart vegvisar for dei som greip Jesus.

17. Han var rekna mellom oss og hadde del i same teneste og oppdrag.

18. For den løna han fekk for ugjerninga si, kjøpte han ein åker. Men han fall hovudstups så buken rivna og alle innvolane valt ut.

19. Alle som bur i Jerusalem, fekk vita dette, og på sitt eige mål kallar dei difor åkeren Hakeldama – det tyder Blodåkeren.

20. For det står skrive i Salmane: Lat bustaden hans liggja i øyde, lat ingen bu der, og: Lat ein annan overta hans oppdrag!

21. Nokre menn var saman med oss heile den tida Herren Jesus gjekk inn og ut blant oss,

22. heilt frå byrjinga, då han vart døypt av Johannes, og til den dagen han vart teken frå oss opp til himmelen. No må ein av desse saman med oss vera vitne om at han er stått opp.»

23. To menn vart kalla fram: Josef, som vart kalla Barsabbas med tilnamnet Justus, og Mattias.

24. Og dei bad: «Herre, du som kjenner alle hjarte, vis oss kven av desse to du har valt ut

25. til å ta plassen etter Judas og overta den aposteltenesta som han gjekk ifrå då han fór til sin eigen stad.»

26. Dei kasta lodd, og loddet fall på Mattias. Sidan vart han rekna som apostel saman med dei elleve.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 1