Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Timoteus 2:19-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Men Guds faste grunnvoll står og har eit segl med denne innskrifta: «Herren kjenner sine», og: «Kvar den som vedkjenner seg Herrens namn, skal venda seg bort frå urett».

20. I eit stort hus er det ikkje berre kar av gull og sølv, men òg av tre og leire, dei første til fint bruk, dei andre til simplare bruk.

21. Den som reinsar seg og held seg borte frå slike ting, blir eit kar til fint bruk; det er vigsla og nyttig for herren i huset og gjort ferdig til all god gjerning.

22. Legg ungdomslystene bak deg. Jag etter rettferd, truskap, kjærleik og fred, saman med dei som kallar på Herren av eit reint hjarte.

23. Men tåpelege ordskifte, som ingen lærer noko av, skal du avvisa, for du veit at dei føder strid.

24. Ein Herrens tenar må ikkje liggja i strid. Nei, han skal vera venleg mot alle, god til å undervisa og villig til å tola vondt,

Les hele kapitlet 2. Timoteus 2