Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Timoteus 2:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så ver då sterk, barnet mitt, ved nåden i Kristus Jesus.

2. Og det du har høyrt av meg framfor mange vitne, skal du gje vidare til pålitelege menneske som er i stand til å læra andre.

3. Ber lidingane du òg som ein god stridsmann for Kristus Jesus.

4. Ingen soldat hefter seg med dei daglege gjeremål, for han vil gjera som hærføraren seier.

5. Og ein som driv idrett, må følgja reglane for å vinna sigerskransen.

6. Bonden som har hatt strevet, skal få først av grøda.

7. Tenk over det eg seier! For Herren skal gje deg innsikt i alt.

8. Kom Jesus Kristus i hug, han som vart reist opp frå dei døde og er av Davids ætt. Dette er mitt evangelium.

Les hele kapitlet 2. Timoteus 2