Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Tessalonikar 3:7-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. De veit sjølve korleis de må leva om de vil likna oss. For vi levde ikkje eit latmannsliv hos dykk,

8. og vi åt ikkje vårt brød hos nokon utan å betala. Vi arbeidde natt og dag; vi streva og sleit så vi ikkje skulle vera ei bør for nokon av dykk.

9. Vi har nok full rett til livsopphald, men vi ville gje dykk eit føredøme så de kunne etterlikna oss.

10. For då vi var hos dykk, gav vi dykk dette påbodet: Den som ikkje vil arbeida, skal heller ikkje eta.

11. Men no høyrer vi at somme av dykk ikkje held orden på livet sitt; dei passar ikkje arbeidet sitt, dei berre går og driv.

12. Slike folk byd og formanar vi i Herren Jesu Kristi namn at dei skal arbeida i det stille og eta sitt eige brød.

13. Men de, sysken, bli ikkje trøytte av å gjera det som rett og godt er!

14. Og er det nokon som ikkje vil retta seg etter det vi har sagt i dette brevet, skal de merka dykk kven det er. Ha ikkje noko med han å gjera, så han ser si skam.

15. Men hald han ikkje for ein fiende; tal han til rette som ein bror.

16. Må fredens Herre sjølv gje dykk fred, alltid og på alle måtar. Herren vere med dykk alle!

17. Eg, Paulus, skriv denne helsinga med mi eiga hand. Dette er kjennemerket i kvart brev. Slik er mi handskrift.

Les hele kapitlet 2. Tessalonikar 3