Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Tessalonikar 3:6-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Vi byd dykk, sysken, i Herren Jesu Kristi namn, at de held dykk unna alle sysken som ikkje held orden på livet sitt og ikkje retter seg etter den overleveringa de fekk av oss.

7. De veit sjølve korleis de må leva om de vil likna oss. For vi levde ikkje eit latmannsliv hos dykk,

8. og vi åt ikkje vårt brød hos nokon utan å betala. Vi arbeidde natt og dag; vi streva og sleit så vi ikkje skulle vera ei bør for nokon av dykk.

9. Vi har nok full rett til livsopphald, men vi ville gje dykk eit føredøme så de kunne etterlikna oss.

10. For då vi var hos dykk, gav vi dykk dette påbodet: Den som ikkje vil arbeida, skal heller ikkje eta.

11. Men no høyrer vi at somme av dykk ikkje held orden på livet sitt; dei passar ikkje arbeidet sitt, dei berre går og driv.

Les hele kapitlet 2. Tessalonikar 3