Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Tessalonikar 2:8-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Då skal den lovlause syna seg, han som Herren Jesus skal drepa med pusten frå sin munn og gjera til inkjes den dagen han kjem i herlegdom.

9. Når den lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn.

10. Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje ville elska sanninga så dei kunne bli frelste.

11. Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur løgna.

12. Og slik får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

13. Vi må alltid takka Gud for dykk, sysken, de som er elska av Herren. For som førstegrøde valde Gud dykk ut til å bli frelste, de som vart helga av Anden og trudde sanninga.

14. Dette kalla han dykk til ved det evangeliet vi forkynner, så de skal vinna vår Herre Jesu Kristi herlegdom.

Les hele kapitlet 2. Tessalonikar 2