Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Tessalonikar 2:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome, og det at vi skal samlast hos han, bed vi dykk, sysken:

2. Lat dykk ikkje så lett driva ut i forvirring, og lat dykk ikkje skremma, verken av åndsbodskapar, av påstandar eller av brev som dei seier er frå oss, om at Herrens dag er komen.

3. Lat ingen føra dykk vill på nokon måte! For først må fråfallet koma og den lovlause syna seg, han som er fortapingssonen.

4. Det er motstandaren, han som opphøgjer seg over alt det som gud og heilagdom heiter, så han til og med set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.

Les hele kapitlet 2. Tessalonikar 2