Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Peter 3:12-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane løysa seg opp i eld og elementa brenna og smelta.

13. Men etter hans lovnad ventar vi på ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.

14. Difor, mine kjære: Medan de ventar på dette, må de leggja vinn på å bli ståande for han med fred, utan flekk og lyte.

15. Og Herrens tolmod skal de sjå som eit høve til frelse. Det same har vår kjære bror Paulus skrive til dykk, ut frå den visdomen han har fått.

16. Om dette talar han i alle dei brev der han kjem inn på desse spørsmåla. Det er noko der som er vanskeleg å skjøna, og dei ukunnige og veike forvrengjer det, slik dei òg gjer med dei andre skriftene, og det fører til deira eigen undergang.

17. Sjølv om de alt veit dette, mine kjære, så ta dykk i vare. Lat dykk ikkje riva med og føra vill av dei lovlause, så de mistar fotfestet.

Les hele kapitlet 2. Peter 3