Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Peter 3:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette er alt det andre brevet eg skriv til dykk, mine kjære. Med desse breva ville eg vekkja dykkar reine sinn ved å minna dykk om

2. det dei heilage profetane har sagt, og om det bodet dykkar eigne apostlar har frå Herren og Frelsaren.

3. Først og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som følgjer sine eigne lyster, som spottar

4. og seier: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.»

5. Dei som seier så, gløymer at det frå eldgammal tid var himlar og ei jord som i kraft av Guds ord vart til av vatn og ved vatn.

Les hele kapitlet 2. Peter 3