Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Peter 2:6-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Byane Sodoma og Gomorra la han i oske og dømde dei til undergang; han gjorde dei til ei åtvaring for dei som seinare ville leva eit ugudeleg liv.

7. Men han berga den rettferdige Lot, som leid når han såg kor skamlaust dei lovlause levde.

8. Ja, denne rettferdige mannen, som budde midt imellom dei, pintest dag ut og dag inn i si rettferdige sjel når han såg og høyrde alle deira lovlause gjerningar.

9. Så veit då Herren å berga dei gudfryktige ut or prøvingar, men dei urettferdige held han i varetekt til straffa på dommens dag,

10. først og fremst dei som følgjer dei ureine lystene i sitt kjøt og blod og foraktar Herrens herredøme. Dei er frekke og eigenrådige og spottar dei himmelske maktene utan å skjelva.

11. Ikkje eingong englar, som står høgare i makt og styrke, kjem med spottande ord når dei ber fram klagemål frå Herren mot slike makter.

12. Men desse menneska spottar det dei ikkje kjenner. Dei er som vitlause dyr, av naturen bestemte til å bli fanga og gå til grunne. Så skal dei òg gå til grunne i sitt forfall

13. og lida vondt som løn for sin urett. Det dei likar best, er å svira midt på lyse dagen. Dei er skamflekker til vanære for dykk når dei et saman med dykk og finn si glede i å fylla seg.

14. Auga deira fråtsar i kvinner som byd seg fram, og dei er umettande på synd. Dei forfører veike sjeler, og hjartet deira har god øving i å skaffa seg vinning. Under forbanning er dei!

15. For dei har forlate den beine vegen og gått seg vill. Dei følgjer i same spor som Bileam, son til Bosor, han som elska urettmessig vinning.

16. Men han vart tala til rette for si misgjerning; eit stumt esel tala med menneskerøyst og hindra profeten i hans vitlause framferd.

17. Slike menneske er kjelder utan vatn, dei er skodde som driv med vinden. Nattemørkret ventar dei.

18. For dei talar store ord om det som ingen ting er, og med utskeiingar og lyster som kjem frå vårt kjøt og blod, lokkar dei menneske som nett har kome seg unna dei som fer vill.

19. Dei lovar fridom, men sjølve er dei slavar av forfallet. Det ein ligg under for, er ein òg slave av.

20. For når nokon har kome fri frå det ureine i verda og har lært å kjenna vår Herre og frelsar Jesus Kristus, og dei så på nytt lèt seg fanga av det ureine og ligg under for det, då står det verre til enn før.

Les hele kapitlet 2. Peter 2