Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Peter 2:14-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Auga deira fråtsar i kvinner som byd seg fram, og dei er umettande på synd. Dei forfører veike sjeler, og hjartet deira har god øving i å skaffa seg vinning. Under forbanning er dei!

15. For dei har forlate den beine vegen og gått seg vill. Dei følgjer i same spor som Bileam, son til Bosor, han som elska urettmessig vinning.

16. Men han vart tala til rette for si misgjerning; eit stumt esel tala med menneskerøyst og hindra profeten i hans vitlause framferd.

17. Slike menneske er kjelder utan vatn, dei er skodde som driv med vinden. Nattemørkret ventar dei.

18. For dei talar store ord om det som ingen ting er, og med utskeiingar og lyster som kjem frå vårt kjøt og blod, lokkar dei menneske som nett har kome seg unna dei som fer vill.

19. Dei lovar fridom, men sjølve er dei slavar av forfallet. Det ein ligg under for, er ein òg slave av.

20. For når nokon har kome fri frå det ureine i verda og har lært å kjenna vår Herre og frelsar Jesus Kristus, og dei så på nytt lèt seg fanga av det ureine og ligg under for det, då står det verre til enn før.

21. Det hadde vore betre for dei om dei aldri hadde lært å kjenna rettferds veg, enn at dei først kjende han og så vende seg bort frå det heilage bodet dei hadde fått overlate.

22. Då har det gått med dei som det heiter så sant i ordtaket: «Hunden snur seg til sitt eige spy» og: «Ikkje før er grisen vaska, så velter han seg i søla».

Les hele kapitlet 2. Peter 2