Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Peter 1:9-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Men har du ikkje dette, er du nærsynt, ja, blind; du har gløymt at du er reinsa for dine gamle synder.

10. Difor, sysken, må de setja endå meir inn på å halda fast ved dykkar kall og utveljing. For gjer de dette, skal de aldri falla.

11. Då skal inngangen til vår Herre og frelsar Jesu Kristi evige rike stå vidopen for dykk.

12. Difor vil eg alltid minna dykk om dette, endå de kjenner til det og er grunnfeste i den sanninga som har kome til dykk.

13. Eg meiner at det er rett å halda dykk vakne med slike påminningar, så lenge eg bur i dette teltet.

14. For eg veit at teltet mitt snart skal takast ned, det har vår Herre Jesus Kristus late meg vita.

15. Og eg vil gjera alt eg kan for at de alltid skal minnast dette, også etter at eg er gått bort.

16. For vi følgde ikkje klokt uttenkte mytar då vi kunngjorde for dykk vår Herre Jesu Kristi makt og hans kome. Nei, vi var augnevitne og såg hans guddomlege velde.

17. For han fekk ære og herlegdom frå Gud, sin Far, den gongen røysta kom til han frå høgste herlegdomen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»

18. Vi høyrde sjølve denne røysta koma frå himmelen då vi var saman med han på det heilage fjellet.

19. Difor står profetordet så mykje fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å halda fast på. Det er ei lampe som skin på ein mørk stad til dagen gryr og morgonstjerna stig opp i hjarta dykkar.

20. Men framfor alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand.

21. For aldri vart noko profetord bore fram ved menneskevilje, men drivne av Den heilage ande tala menneske ord frå Gud.

Les hele kapitlet 2. Peter 1