Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Peter 1:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Simeon Peter, Jesu Kristi tenar og apostel, helsar dei som har fått den same dyrebare tru som vi gjennom rettferda frå vår Gud og frelsar Jesus Kristus.

2. Nåde og fred vere med dykk i rikt mål ved at de kjenner Gud og Jesus, vår Herre!

3. Ja, alt vi treng for å leva i gudsfrykt, har hans guddomlege makt gjeve oss i gåve ved at vi kjenner han som kalla oss ved sin eigen herlegdom og styrke.

4. Dermed har han gjeve oss dei største og mest dyrebare lovnader. Ved dei skulle de få del i guddomleg natur når de har kome dykk fri frå forfallet, som kjem frå lystene i verda.

5. Set difor all dykkar iver inn på å la trua gå i følgje med eit rett liv, og det rette livet med innsikt,

6. innsikta med måtehald, måtehaldet med tolmod, tolmodet med gudsfrykt,

7. gudsfrykta med syskenkjærleik og syskenkjærleiken med kjærleik til alle.

8. For når alt dette finst hos dykk og får veksa, då blir de ikkje uverksame eller utan frukt, de som kjenner vår Herre Jesus Kristus.

9. Men har du ikkje dette, er du nærsynt, ja, blind; du har gløymt at du er reinsa for dine gamle synder.

10. Difor, sysken, må de setja endå meir inn på å halda fast ved dykkar kall og utveljing. For gjer de dette, skal de aldri falla.

11. Då skal inngangen til vår Herre og frelsar Jesu Kristi evige rike stå vidopen for dykk.

12. Difor vil eg alltid minna dykk om dette, endå de kjenner til det og er grunnfeste i den sanninga som har kome til dykk.

Les hele kapitlet 2. Peter 1