Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 9:8-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål,så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng,ja, ha overflod til all god gjerning.

9. For det står skrive: Han strødde ut og gav til dei fattige, hans rettferd skal alltid vara.

10. Han som gjev såmannen såkorn og brød til å eta, han skal òg gje dykk såkorn og la det bera rikt, og grøda av dykkar rettferd skal han gjera stor.

11. De skal vera rike på alt, så de gjerne vil gje. Og så skal takkseiinga stiga opp til Gud når vi ber fram gåva.

12. For denne tenesta – ja, gudstenesta – er ikkje berre ei hjelp til dei heilage i deira naud; ho skal òg skapa overflod av takkebøner til Gud.

13. Når de har fullført tenesta og stått prøva, vil dei lova Gud fordi de var lydige og ville vedkjenna dykk trua på Kristi evangelium, og fordi de var villige til å dela med dei og alle dei andre.

14. Og dei vil be for dykk og lengta etter dykk på grunn av Guds overveldande nåde mot dykk.

15. Gud vere takk for si useielege gåve!

Les hele kapitlet 2. Korintar 9