Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 8:7-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. De har overflod av alt, av tru og tale, av kunnskap og iver og av kjærleiken frå oss, den som no bur i dykk. Så må de òg la overfloda visa seg i denne gåva.

8. Eg seier ikkje dette som eit påbod, men eg nemner iveren hos dei andre for å prøva om kjærleiken dykkar er ekte.

9. De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike.

10. Eg seier mi meining om dette; det kan vera til nytte for dykk, de som i fjor ikkje berre gjekk inn i arbeidet, men òg la godviljen til.

11. No gjeld det å fullføra verket. Liksom de var villige til å gå i gang, må de no vera villige til å fullføra, alt etter kor mykje de har.

12. For når den gode viljen er til stades, skal han verdsetjast etter det ein har, og ikkje etter det ein ikkje har.

13. For det er ikkje slik meint at andre skal få hjelp, og at de skal ha det trongt; det skal vera likt.

14. Denne gongen er det de som har overflod og kan hjelpa dei som lid naud. Ein annan gong har dei overflod og kan hjelpa dykk når de lid naud. Så blir det likt,

15. slik det står skrive: Den som fekk mykje, hadde ikkje meir enn han trong, og den som fekk lite, mangla ingen ting.

Les hele kapitlet 2. Korintar 8