Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 8:16-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Men Gud vere takk som har vekt den same omsorg for dykk i hjartet til Titus.

17. Han sa ja då eg bad han, og vart så ivrig at han no reiser til dykk etter eige ønske.

18. Saman med han sender vi den broren som får ros i alle forsamlingane for sitt arbeid for evangeliet.

19. Ja, ikkje berre det, forsamlingane har valt han til å følgja oss når vi reiser med denne gåva og kjem med henne til Herrens ære, og som teikn på vår gode vilje.

20. På den måten kan ingen lasta oss for noko i samband med den store summen som vi har hand om.

21. For vi legg vinn på å gjera det som godt er, ikkje berre for Herren, men òg for menneske.

22. Saman med desse to sender vi endå ein bror. Mange gonger og på mange måtar har han vist oss kor ivrig han er, og ettersom han har stor tiltru til dykk, er han endå meir ivrig etter å koma i gang.

23. Når det gjeld Titus, så kom i hug at han er min medhjelpar og medarbeidar hos dykk. Dei andre brørne, dei er utsendingar frå forsamlingane, til ære for Kristus.

24. Vis dei no den kjærleiken de har, og lat dei og alle forsamlingane få sjå at det er med rette eg har rosa dykk.

Les hele kapitlet 2. Korintar 8