Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 8:11-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. No gjeld det å fullføra verket. Liksom de var villige til å gå i gang, må de no vera villige til å fullføra, alt etter kor mykje de har.

12. For når den gode viljen er til stades, skal han verdsetjast etter det ein har, og ikkje etter det ein ikkje har.

13. For det er ikkje slik meint at andre skal få hjelp, og at de skal ha det trongt; det skal vera likt.

14. Denne gongen er det de som har overflod og kan hjelpa dei som lid naud. Ein annan gong har dei overflod og kan hjelpa dykk når de lid naud. Så blir det likt,

15. slik det står skrive: Den som fekk mykje, hadde ikkje meir enn han trong, og den som fekk lite, mangla ingen ting.

16. Men Gud vere takk som har vekt den same omsorg for dykk i hjartet til Titus.

17. Han sa ja då eg bad han, og vart så ivrig at han no reiser til dykk etter eige ønske.

Les hele kapitlet 2. Korintar 8