Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 8:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Vi vil no kunngjera dykk, sysken, kva nåde Gud har vist forsamlingane i Makedonia.

2. For sjølv om dei har vore hardt prøvde i si naud, har den overstrøymande gleda og djupe fattigdomen deira gjort dei rike og villige til å gje.

3. Dei gav etter evne, det kan eg vitna, ja, over evne, og det frivillig.

4. Inderleg bad dei om å få vera med på gåva saman med oss i denne tenesta for dei heilage.

5. Og dei gav ikkje berre slik som vi håpa. Nei, seg sjølve gav dei, først til Herren og så til oss, som Gud vil det.

6. Difor bad vi Titus om å gjera ferdig den gåva han alt hadde byrja på hos dykk.

7. De har overflod av alt, av tru og tale, av kunnskap og iver og av kjærleiken frå oss, den som no bur i dykk. Så må de òg la overfloda visa seg i denne gåva.

8. Eg seier ikkje dette som eit påbod, men eg nemner iveren hos dei andre for å prøva om kjærleiken dykkar er ekte.

Les hele kapitlet 2. Korintar 8