Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 7:4-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Stor er mi tiltru til dykk, og eg er storleg stolt av dykk. Eg har vorte rikeleg trøysta og har ei overflod av glede midt i all vår naud.

5. For då vi kom til Makedonia, vart det heller ikkje lettare for oss. Vi møtte berre motgang; strid omkring oss og angst inne i oss.

6. Men Gud, som trøystar dei nedbøygde, han trøysta oss med at Titus kom.

7. Ja, ikkje berre med at han kom, men òg med den trøysta han hadde fått hos dykk. Han fortalde korleis de lengta og sørgde, og kor brennande ivrig de står saman med meg. Dette gledde meg endå meir.

8. Om eg gjorde dykk sorgfulle med brevet mitt, så angrar eg ikkje. Først angra eg nok, for eg såg at brevet gjorde dykk sorgfulle, om så berre ei lita stund.

Les hele kapitlet 2. Korintar 7