Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 7:11-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. For denne sorga etter Guds vilje, sjå for ein iver ho har skapt! Sjå berre kor de forsvarar dykk, og kor opprørte de er, kor de ottast, og kor de lengtar, kor brennande de er, og kor de refsar! På alle måtar har de stått fram som uskuldige i denne saka.

12. Då eg skreiv til dykk, var det ikkje på grunn av han som hadde gjort urett, heller ikkje på grunn av han som hadde lide urett, men for at de sjølve, for Guds andlet, skulle bli klåre over kor ivrig de står saman med meg.

13. Alt dette gav oss trøyst og mot. Og i tillegg til denne trøysta gledde det meg endå meir å sjå kor glad Titus var. De har alle vore med og gjort han roleg til sinns.

14. Så når eg har skrytt av dykk til han, har eg ikkje vorte til skamme. Nei, liksom vi alltid har tala sant til dykk, har våre rosande ord til Titus òg vist seg å vera sanning.

15. Hjartet hans er fylt av ein endå større kjærleik til dykk no når han tenkjer på kor lydige de alle var, korleis de tok imot han med respekt og ærefrykt.

16. Eg gleder meg over at eg i eitt og alt kan lita på dykk.

Les hele kapitlet 2. Korintar 7