Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 7:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Mine kjære, når vi har desse lovnadene, så lat oss reinsa oss frå all ureinskap på kropp og sjel og fullføra vår helging med gudsfrykt.

2. Gjer rom for oss i hjartet dykkar! Ingen av dykk har vi gjort urett, ingen har vi skadd, ingen har vi utnytta.

3. Dette seier eg ikkje for å dømma, for eg har alt sagt at de er i hjartet vårt, så vi både skal døy i lag og leva i lag.

4. Stor er mi tiltru til dykk, og eg er storleg stolt av dykk. Eg har vorte rikeleg trøysta og har ei overflod av glede midt i all vår naud.

5. For då vi kom til Makedonia, vart det heller ikkje lettare for oss. Vi møtte berre motgang; strid omkring oss og angst inne i oss.

6. Men Gud, som trøystar dei nedbøygde, han trøysta oss med at Titus kom.

7. Ja, ikkje berre med at han kom, men òg med den trøysta han hadde fått hos dykk. Han fortalde korleis de lengta og sørgde, og kor brennande ivrig de står saman med meg. Dette gledde meg endå meir.

Les hele kapitlet 2. Korintar 7