3. Vi gjev ikkje menneske nokon grunn til å bli støytte bort, så tenesta ikkje skal bli spotta.
4. Nei, i alt står vi fram som Guds tenarar: med stort tolmod i motgang, naud og angst,
5. under slag, i fengsel og i opptøyar, i hardt arbeid, i nattevaking og svolt.
6. Med reinleik og visdom går vi fram, med tolmod og godleik, i Den heilage ande, med kjærleik utan svik,
7. med sannings ord og i Guds kraft, med rettferds våpen i høgre og venstre hand,
8. om vi får ære eller vanære, om folk talar vondt eller vel om oss. Dei seier at vi fører folk vill, men vi talar sant,