Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 6:14-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Gå ikkje under framandt åk saman med slike som ikkje trur! For kva har rettferd med urett å gjera, og kva har lys til felles med mørker?

15. Korleis kan Kristus og Beliar samstemma? Kva sameinar ein truande og ein vantru?

16. Korleis kan Guds tempel og avgudane forlikast? For vi er den levande Guds tempel, som Gud har sagt: Eg vil bu og ferdast midt mellom dei; eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.

17. Difor seier Herren: Dra bort frå dei og skil dykk frå dei. Rør ikkje noko ureint! Då vil eg ta imot dykk;

18. eg vil vera dykkar far, og de skal vera mine søner og døtrer, seier Herren, Den allmektige.

Les hele kapitlet 2. Korintar 6