Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 6:10-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. vi sørgjer, men er alltid glade, vi er fattige, men gjer mange rike, vi har ingen ting, men eig alt.

11. Vi har tala rett ut til dykk, korintarar, de har stort rom i hjartet vårt.

12. De har det ikkje trongt hos oss; det er i dykkar eige indre det er trongt.

13. Men no snakkar eg som til born: Gjer gjengjeld! Opna dykk for oss.

14. Gå ikkje under framandt åk saman med slike som ikkje trur! For kva har rettferd med urett å gjera, og kva har lys til felles med mørker?

15. Korleis kan Kristus og Beliar samstemma? Kva sameinar ein truande og ein vantru?

16. Korleis kan Guds tempel og avgudane forlikast? For vi er den levande Guds tempel, som Gud har sagt: Eg vil bu og ferdast midt mellom dei; eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.

Les hele kapitlet 2. Korintar 6