Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 6:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Som hans medarbeidarar legg vi dykk òg på hjartet at de ikkje må ta imot Guds nåde til inga nytte.

2. For han seier: I rette tid bønhøyrde eg deg, på frelsedagen hjelpte eg deg.Sjå, no er den rette tid, no er frelsedagen!

3. Vi gjev ikkje menneske nokon grunn til å bli støytte bort, så tenesta ikkje skal bli spotta.

4. Nei, i alt står vi fram som Guds tenarar: med stort tolmod i motgang, naud og angst,

5. under slag, i fengsel og i opptøyar, i hardt arbeid, i nattevaking og svolt.

6. Med reinleik og visdom går vi fram, med tolmod og godleik, i Den heilage ande, med kjærleik utan svik,

7. med sannings ord og i Guds kraft, med rettferds våpen i høgre og venstre hand,

8. om vi får ære eller vanære, om folk talar vondt eller vel om oss. Dei seier at vi fører folk vill, men vi talar sant,

9. vi er ukjende, men velkjende, vi er døyande, og sjå, vi lever! Vi blir slegne, men ikkje ihelslegne,

Les hele kapitlet 2. Korintar 6