Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 5:10-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. For vi må alle fram for Kristi domstol, så kvar og ein kan få si løn for det han har gjort gjennom livet i kroppen, anten godt eller vondt.

11. Fordi vi veit kva det er å ha ærefrykt for Herren, prøver vi å vinna menneske. Men livet vårt ligg ope for Gud, og eg håpar at det òg ligg ope for dykk, slik at de kjenner oss.

12. Vi prøver ikkje no igjen å koma med lovord om oss sjølve, men vi gjev dykk høve til å vera stolte av oss, så de kan ha noko å svara dei som skryter av det dei er i det ytre og ikkje i hjartet.

13. For har vi vore i ekstase, så var det for Gud. Og er vi ved sans og samling, så er det for dykk.

14. For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døydd.

15. Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei.

16. Så kjenner vi ikkje lenger nokon berre på menneskevis. Og har vi før kjent Kristus på menneskevis, så kjenner vi han ikkje lenger slik.

17. Nei, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, noko nytt har vorte til!

18. Men alt dette er av Gud, han som ved Kristus forsona oss med seg og gav oss forsoningstenesta.

19. Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han tiltrudde oss ordet om forsoninga.

20. Så er vi no sendebod for Kristus, og det er Gud sjølv som formanar gjennom oss: Vi bed på Kristi vegner, lat dykk forsona med Gud!

21. Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal bli rettferdige for Gud i han.

Les hele kapitlet 2. Korintar 5