Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 5:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. For vi veit at om det blir nedrive, dette teltet som er vårt jordiske hus, så har vi i himmelen ein bygning som er frå Gud, eit evig hus som ikkje er gjort med hender.

2. Medan vi er her, sukkar og lengtar vi etter å bli overkledde med vår himmelske bustad.

3. For når vi slik er kledde, skal vi ikkje bli ståande nakne.

4. Så lenge vi er i vårt jordiske telt, sukkar vi under børa. For vi ønskjer ikkje å bli avkledde, men påkledde, så det dødelege kan bli oppslukt av livet.

5. Den som har gjort oss i stand til dette, er Gud, som har gjeve oss Anden til pant.

6. Difor er vi alltid ved godt mot, endå vi veit at så lenge vi er heime i kroppen, er vi borte frå Herren.

7. For vi vandrar i tru, utan å sjå.

8. Men vi er ved godt mot og vil heller flytta bort frå kroppen og heim til Herren.

9. Difor, anten vi er heime eller har flytt bort, set vi vår ære i å vera til glede for han.

10. For vi må alle fram for Kristi domstol, så kvar og ein kan få si løn for det han har gjort gjennom livet i kroppen, anten godt eller vondt.

Les hele kapitlet 2. Korintar 5