Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 4:4-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. For guden i denne verda har blinda forstanden til dei vantruande, så dei ikkje ser lyset som strålar frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete.

5. Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar, for Jesu skuld.

6. For Gud, som sa: «Lys skal stråla fram frå mørkret», han har late det skina i våre hjarte, så kunnskapen om Guds herlegdom i Jesu Kristi andlet skal lysa fram.

7. Men vi har denne skatten i leirkrukker, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje koma frå oss.

8. Alltid er vi utsette, men ikkje kringsette, rådville, men ikkje rådlause,

9. forfølgde, men ikkje forlatne, nedslegne, men ikkje ihelslegne.

10. Alltid ber vi Jesu død med oss i vår eigen kropp, så òg Jesu liv skal bli synleg i kroppen vår.

11. For enno medan vi lever, blir vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal bli synleg i vår dødelege kropp.

12. Slik er døden verksam i oss, men livet i dykk.

13. Vi har den same Anden som gjev tru, som det står skrive om: Eg trudde, difor tala eg. Vi òg trur, og difor talar vi.

14. For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram saman med dykk.

15. Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal bli stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.

16. Difor mistar vi ikkje motet. Om vårt ytre menneske går til grunne, så blir det indre fornya dag for dag.

17. Dei trengslene vi no må bera, er lette, og dei skaper for oss ein evig herlegdom som veg uendeleg mykje meir.

Les hele kapitlet 2. Korintar 4