Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 3:9-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. For var det ein herleg glans kring den tenesta som førte til fordømming, så må den tenesta som fører til rettferd, stråla med ein endå rikare glans.

10. Ja, det som den gongen var omgjeve av herlegdom, har mista glansen sin. For no strålar ein herlegdom som er så uendeleg mykje klårare.

11. For når det var herleg, det som vart borte, kor mykje herlegare må ikkje då det stråla som blir ståande?

12. Når vi no har slikt eit håp, går vi frimodig fram.

13. Vi gjer ikkje som Moses, som la eit slør over andletet så israelittane ikkje skulle sjå den minkande glansen før han var borte.

14. Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sløret der når dei les frå den gamle pakta, og det blir ikkje fjerna, for det er i Kristus det blir teke bort.

15. Ja, heilt til denne dag ligg det eit slør over hjartet deira når det blir lese frå Moselova.

16. Men når dei vender om til Herren, blir sløret teke bort.

17. Herren, det er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom.

18. Men vi som utan slør over andletet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi blir alle omdanna til dette biletet, frå herlegdom til herlegdom, og dette skjer ved Herrens Ande.

Les hele kapitlet 2. Korintar 3