Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 3:6-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. han som òg gjorde oss til tenarar for ei ny pakt som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande.

7. Sjølv den tenesta som førte til død, den som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var omgjeven av ein slik herlegdom og glans at israelittane ikkje greidde å sjå Moses i andletet. Så sterkt stråla det, endå det var ein glans som vart borte.

8. Kor mykje sterkare glans har ikkje då Andens teneste?

9. For var det ein herleg glans kring den tenesta som førte til fordømming, så må den tenesta som fører til rettferd, stråla med ein endå rikare glans.

10. Ja, det som den gongen var omgjeve av herlegdom, har mista glansen sin. For no strålar ein herlegdom som er så uendeleg mykje klårare.

11. For når det var herleg, det som vart borte, kor mykje herlegare må ikkje då det stråla som blir ståande?

12. Når vi no har slikt eit håp, går vi frimodig fram.

13. Vi gjer ikkje som Moses, som la eit slør over andletet så israelittane ikkje skulle sjå den minkande glansen før han var borte.

Les hele kapitlet 2. Korintar 3