Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 13:8-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. For vi maktar ingen ting mot sanninga, berre for sanninga.

9. Difor gleder vi oss når vi er veike, berre de er sterke. Og det vi bed om, er at de må nå fram til stadig større mognad.

10. Difor skriv eg dette før eg kjem, så eg ikkje skal bli nøydd til å fara strengt fram mot dykk når eg er komen, og bruka den fullmakta Herren har gjeve meg. For den har eg fått for å byggja opp, ikkje for å riva ned.

11. Til slutt, sysken, gled dykk! Ta imot både rettleiing og oppmuntring! Ha eitt og same sinnelag, hald fred med kvarandre, så skal kjærleikens og fredens Gud vera med dykk.

12. Hels kvarandre med eit heilagt kyss! Alle dei heilage helsar dykk.

13. Herren Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Den heilage andens samfunn vere med dykk alle!

Les hele kapitlet 2. Korintar 13