Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 12:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Eg må skryta av meg sjølv, endå det ikkje tener til noko. For no kjem eg til syn og openberringar frå Herren.

2. Eg veit om eit menneske i Kristus som for fjorten år sidan vart bortrykt til den tredje himmelen – om det var i kroppen eller utanfor kroppen, veit eg ikkje, Gud veit det.

3. Og eg veit at dette mennesket vart bortrykt til paradis – om det var i kroppen eller utanfor kroppen, veit eg ikkje, Gud veit det –

4. og der fekk han høyra useielege ord, ord som menneske ikkje har lov til å tala.

5. Av dette mennesket vil eg vera stolt, men eg vil ikkje vera stolt av meg sjølv, anna enn av veikskapen min.

6. Men om eg no ville vera stolt, så var eg ikkje frå vitet, for det var sanning, det eg tala. Men eg lèt det vera, så ingen skal tenkja høgare om meg enn dei gjer når dei ser og høyrer meg.

7. Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal bli hovmodig.

8. Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg.

9. Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.» Difor vil eg helst vera stolt av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg.

10. Og difor er eg, for Kristi skuld, glad når eg er veik, når eg blir mishandla, når eg er i naud, i forfølging og i angst. For når eg er veik, då er eg sterk.

Les hele kapitlet 2. Korintar 12