Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 11:6-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Om eg kanskje er ulærd i talekunst, er eg ikkje utan kunnskap, og den har eg alltid og i alle stykke lagt fram for dykk.

7. Gjorde eg kanskje ei synd då eg forkynte Guds evangelium for dykk utan betaling, og slik audmjuka meg sjølv så de kunne opphøgjast?

8. Andre forsamlingar har eg nærast plyndra; eg tok løn av dei så eg kunne gjera teneste hos dykk!

9. Og då eg var hos dykk, var eg ikkje ei bør for nokon av dykk når det var noko eg trong; for brørne som kom frå Makedonia, gav meg det eg mangla. Alltid passa eg på å ikkje vera ei bør for dykk, og det skal eg framleis gjera.

10. Så visst som Kristi sanning bur i meg, denne ros skal ingen i heile Akaia ta frå meg!

11. Kvifor? Fordi eg ikkje elskar dykk? Det veit Gud at eg gjer.

12. Men det eg har gjort, det vil eg òg gjera heretter. For det finst nokre som gjerne vil finna ein grunn til å skryta av at dei er som eg, men den grunnen skal eg ta frå dei.

13. Dei er falske apostlar, trulause arbeidarar som gjev seg ut for å vera Kristi apostlar.

Les hele kapitlet 2. Korintar 11