Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 11:12-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Men det eg har gjort, det vil eg òg gjera heretter. For det finst nokre som gjerne vil finna ein grunn til å skryta av at dei er som eg, men den grunnen skal eg ta frå dei.

13. Dei er falske apostlar, trulause arbeidarar som gjev seg ut for å vera Kristi apostlar.

14. Og det er ikkje å undrast på, for Satan sjølv skaper seg om til ein lysengel.

15. Og då er det ikkje merkeleg at tenarane hans skaper seg om til tenarar for rettferda. Men løna dei får til sist, skal svara til gjerningane deira.

16. På nytt seier eg: Ingen må tru at eg er frå sans og samling. Men om de gjer det, så lat meg vera vitlaus, så eg òg kan skryta litt.

17. Det eg seier, det seier eg ikkje fordi Herren vil det; eg seier det i eit slag vanvit.

18. Men sidan det er så mange som gjer seg stolte av sine menneskelege fordelar, vil eg òg vera stolt.

19. De som er så kloke, toler vel folk som har mista vitet.

20. For de toler då at dei gjer dykk til slavar, at dei utnyttar dykk og fangar dykk, ser ned på dykk og slår dykk i andletet.

21. Med skam må eg vedgå at vi i så måte har vore altfor veike!Men det dei andre vågar – no talar eg i vanvit – det kan vel eg òg våga.

22. Er dei hebrearar? Det er eg òg. Er dei israelittar? Eg òg. Er dei av Abrahams ætt? Eg òg.

23. Er dei Kristi tenarar? Eg seier i mitt vanvit: Eg er det endå meir. Eg har hatt større strev, vore oftare i fengsel, fått langt fleire slag og mange gonger vore i dødsfare.

24. Av jødane har eg fem gonger fått dei førti slaga på eitt nær.

25. Tre gonger vart eg piska, ein gong steina, tre gonger leid eg skipbrot, og ein gong dreiv eg eit heilt døgn omkring på havet.

26. Ofte var eg på reiser, i fare på elvar, i fare mellom røvarar, i fare mellom landsmenn, i fare mellom utlendingar, i fare i byar, i fare i øydemark, i fare på hav, i fare mellom falske sysken,

27. i slit og strev, ofte i nattevaking, i svolt og tørste, ofte fastande og utan klede i kulden.

28. I tillegg til alt det andre har eg det som dagleg ligg på meg, omsorga for alle forsamlingane.

Les hele kapitlet 2. Korintar 11