Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 11:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Eg skulle ønskja de ville tola litt dårskap frå meg! Ja, de får tola det!

2. For eg vaktar dykk med Guds brennande sjalusi. Eg har lova dykk bort til Kristus, og berre til han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein jomfru.

3. Men eg er redd at liksom ormen narra Eva med sine listige knep, slik skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.

4. For de toler svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.

Les hele kapitlet 2. Korintar 11