Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Johannes 1:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Den eldste helsar den utvalde frua og borna hennar, som eg i sanning elskar, ja, ikkje berre eg, men alle som har lært sanninga å kjenna.

2. Henne elskar vi fordi sanninga bur i oss og vil vera med oss til evig tid.

3. Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og frå Jesus Kristus, hans Son, vere med oss – i sanning og kjærleik.

4. Eg vart inderleg glad då eg møtte nokre av borna dine og såg at dei går fram i sanninga, slik vår Far har gjeve oss påbod om.

5. Og no legg eg deg på hjartet, frue, ikkje eit nytt bod som eg skriv til deg, men eitt vi har hatt frå første stund: at vi skal elska kvarandre.

6. Og dette er kjærleiken: at vi går fram etter hans bod. Dette bodet har de høyrt frå første stund, og etter det skal de gå fram.

Les hele kapitlet 2. Johannes 1