Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Timoteus 6:4-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. er hovmodig og skjønar ingen ting. Han er sjuk etter ordskifte og strid, og det skaper misunning, ufred, skuldingar, vonde mistankar

5. og stadig krangel mellom menneske som har mista dømmekrafta og er komne bort frå sanninga; dei meiner at gudsfrykt er ein veg til vinning.

6. Ja, å frykta Gud og vera fornøgd med det ein har, er ei stor vinning.

7. For tomhendte kom vi inn i verda,og tomhendte må vi fara herifrå.

8. Har vi mat og klede,skal vi vera fornøgde med det.

9. Men dei som vil bli rike, fell i freistingar og snarer og blir gripne av mange slag tåpelege og skadelege lyster som støyter menneske ned i undergang og fortaping.

10. For kjærleik til pengar er rota til alt vondt. Drivne av den har mange fare vill og er komne bort frå trua; dei har valda seg sjølve mykje liding.

11. Men du, Guds menneske,hald deg borte frå alt detteog jag etter rettferd, gudsfrykt, tru,kjærleik, tolmod og eit audmjukt sinn!

12. Strid den gode striden i truaog grip det evige livet som du er kalla til,det som du vedkjende degdå du bar fram den gode vedkjenningaframfor mange vitne.

13. Eg byd deg for Gud, som gjev alle ting liv, og for Kristus Jesus, som bar fram den gode vedkjenninga for Pontius Pilatus:

14. Ta vare på oppgåva di og hald henne rein, så du ikkje kan skuldast for noko, heilt til vår Herre Jesus Kristus kjem.

15. Det skal han la oss få sjå i si tid,den sæle og einaste herskaren,kongen over kongane og herren over herrane,

Les hele kapitlet 1. Timoteus 6