Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Timoteus 6:11-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Men du, Guds menneske,hald deg borte frå alt detteog jag etter rettferd, gudsfrykt, tru,kjærleik, tolmod og eit audmjukt sinn!

12. Strid den gode striden i truaog grip det evige livet som du er kalla til,det som du vedkjende degdå du bar fram den gode vedkjenningaframfor mange vitne.

13. Eg byd deg for Gud, som gjev alle ting liv, og for Kristus Jesus, som bar fram den gode vedkjenninga for Pontius Pilatus:

14. Ta vare på oppgåva di og hald henne rein, så du ikkje kan skuldast for noko, heilt til vår Herre Jesus Kristus kjem.

15. Det skal han la oss få sjå i si tid,den sæle og einaste herskaren,kongen over kongane og herren over herrane,

16. den einaste som er udødeleg,som bur i eit lys dit ingen kan koma,han som ikkje noko menneske har sett,og ingen kan sjå.Han vere ære og evig makt! Amen.

17. Byd dei som er rike i denne verda, at dei ikkje må vera hovmodige og setja sitt håp til den usikre rikdomen, men til Gud. Han gjev oss rikeleg av alt, så vi kan nyta det.

18. Dei skal gjera godt, vera rike på gode gjerningar, gje med raus hand og villig dela med andre.

19. Slik samlar dei seg ein skatt som blir ein god grunnvoll for tida som kjem, så dei kan gripa det verkelege livet.

20. Kjære Timoteus, ta vare på det du har fått overgjeve! Vend deg bort frå det gudlause og tomme snakket og innvendingane frå den kunnskapen som berre er kunnskap i namnet,

21. den som visse folk har vedkjent seg og dermed forvilla seg bort frå trua.Nåden vere med dykk!

Les hele kapitlet 1. Timoteus 6