Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Timoteus 6:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Alle som er under åket som slavar, skal visa herrane sine all den respekt dei er verde, så Guds namn og læra ikkje skal bli spotta.

2. Dei som har herrar som trur, skal ikkje visa dei mindre respekt fordi dei er sysken, men heller tena dei med endå større iver. For dei som tek imot tenestene dykkar, er truande og høgt elska sysken. Dette skal du læra dei og leggja dei på hjartet.

3. Den som fer med ei anna lære og ikkje held seg til vår Herre Jesu Kristi sunne ord og den læra som høyrer sann gudsfrykt til,

4. er hovmodig og skjønar ingen ting. Han er sjuk etter ordskifte og strid, og det skaper misunning, ufred, skuldingar, vonde mistankar

5. og stadig krangel mellom menneske som har mista dømmekrafta og er komne bort frå sanninga; dei meiner at gudsfrykt er ein veg til vinning.

6. Ja, å frykta Gud og vera fornøgd med det ein har, er ei stor vinning.

7. For tomhendte kom vi inn i verda,og tomhendte må vi fara herifrå.

8. Har vi mat og klede,skal vi vera fornøgde med det.

9. Men dei som vil bli rike, fell i freistingar og snarer og blir gripne av mange slag tåpelege og skadelege lyster som støyter menneske ned i undergang og fortaping.

10. For kjærleik til pengar er rota til alt vondt. Drivne av den har mange fare vill og er komne bort frå trua; dei har valda seg sjølve mykje liding.

Les hele kapitlet 1. Timoteus 6