Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Timoteus 5:7-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Det òg skal du prenta inn, så ingen skal kunna skulda dei for noko.

8. Den som ikkje har omsorg for sine næraste, og først og fremst for sin eigen heim, har fornekta trua og er verre enn ein vantruande.

9. Berre den som har fylt seksti år, kan skrivast inn mellom enkjene i forsamlinga. Ho må ha vore kona til éin mann,

10. vera kjend for gode gjerningar, ha oppseda born, vore gjestfri, vaska føtene til dei heilage, hjelpt dei som er i naud og alltid vore oppteken av å gjera det gode.

11. Men unge enkjer skal du ikkje godta. For lysta dreg dei bort frå tenesta for Kristus så dei vil gifta seg.

12. Då får dei til dom at dei har brote den første lovnaden om truskap.

13. Dessutan har dei ikkje noko å gjera og lærer seg til å springa frå hus til hus. Ja, ikkje nok med det, dei fer òg med sladder og legg seg opp i saker dei ikkje har noko med, og snakkar om slikt som ikkje sømer seg.

14. Difor vil eg at dei unge enkjene skal gifta seg, få born og styra huset sitt, så ikkje motstandaren får høve til å koma med spott.

15. Nokre har alt vendt seg bort og følgt Satan.

16. Om ei truande kvinne har enkjer hos seg, skal ho sørgja for dei og ikkje la dei bli ei bør for forsamlinga. Så kan forsamlinga ta seg av dei enkjene som er åleine.

17. Eldste som er gode leiarar i forsamlinga, fortener dobbel løn, særleg dei som arbeider med forkynning og opplæring.

18. For Skrifta seier: Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer, og: Ein arbeidar er verd si løn.

19. Godta ikkje skuldingar mot ein eldste utan at det finst to eller tre vitne.

20. Dei som syndar, skal du tala til rette medan alle høyrer på, til åtvaring for andre.

Les hele kapitlet 1. Timoteus 5