Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Timoteus 5:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Tal ikkje hardt til ein gammal mann. Når du formanar han, så tal til han som til ein far. Unge menn skal du formana som brør,

2. eldre kvinner som mødrer og yngre kvinner som systrer, alt med reine tankar.

3. Enkjer som verkeleg er enkjer, skal du æra og hjelpa.

4. Men har ei enkje born eller barneborn, så lat dei først læra å visa gudsfrykt i sin eigen heim og med takk gje noko att til dei gamle. For dette er godt i Guds auge.

5. Den som verkeleg er enkje og står åleine, ho har sett sitt håp til Gud og lever i bøn og påkalling natt og dag.

6. Men den som berre vil nyta livet, er levande død.

7. Det òg skal du prenta inn, så ingen skal kunna skulda dei for noko.

Les hele kapitlet 1. Timoteus 5