Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Timoteus 3:6-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Han må ikkje vera nyomvend, for då kunne han bli hovmodig og falla under same dommen som djevelen.

7. Han må òg ha godt ord på seg mellom dei som står utanfor, så han ikkje blir spotta og går i djevelens snare.

8. På same måten skal diakonane vera respekterte, ikkje tala med to tunger, ikkje drikka for mykje vin og ikkje vera ute etter skammeleg vinning.

9. Dei skal eiga mysteriet i trua i eit reint samvit.

10. Men dei òg skal prøvast først, og dersom det ikkje er noko å seia på dei, kan dei setjast til tenesta.

11. På same måten skal kvinnene vera ærbare, ikkje fara med sladder, men vera edruelege og pålitelege i alt.

12. Ein diakon skal vera mann til éi kvinne, og han skal styra både born og hus på ein god måte.

13. For dei som gjer tenesta si på ein god måte, vinn seg ei akta stilling og får stort frimod i trua på Kristus Jesus.

Les hele kapitlet 1. Timoteus 3