Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Timoteus 3:6-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Han må ikkje vera nyomvend, for då kunne han bli hovmodig og falla under same dommen som djevelen.

7. Han må òg ha godt ord på seg mellom dei som står utanfor, så han ikkje blir spotta og går i djevelens snare.

8. På same måten skal diakonane vera respekterte, ikkje tala med to tunger, ikkje drikka for mykje vin og ikkje vera ute etter skammeleg vinning.

9. Dei skal eiga mysteriet i trua i eit reint samvit.

10. Men dei òg skal prøvast først, og dersom det ikkje er noko å seia på dei, kan dei setjast til tenesta.

Les hele kapitlet 1. Timoteus 3