Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Timoteus 3:13-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. For dei som gjer tenesta si på ein god måte, vinn seg ei akta stilling og får stort frimod i trua på Kristus Jesus.

14. Dette skriv eg til deg endå eg håpar å koma til deg om ikkje så lenge.

15. Men skulle det dryga, vil eg du skal vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er den levande Guds forsamling, søyle og grunnvoll for sanninga.

16. Og samstemt vedkjenner vi at mysteriet i vår gudstru er stort.Han vart openberra i kjøt og blod,rettferdiggjord i Anden,sedd av englar,forkynt mellom folkeslag,trudd i verda,oppteken i herlegdom.

Les hele kapitlet 1. Timoteus 3