Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Timoteus 2:8-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Eg vil at mennene alle stader skal lyfta reine hender når dei held bøn, utan sinne og strid.

9. På same måten vil eg at kvinnene skal ha ei fin framferd. Dei skal pynta seg med måte og forstand, ikkje med alle slags flettingar, gullsmykke, perler eller dyre klede,

10. men med gode gjerningar, slik det sømer seg for kvinner som vil leva gudfryktig.

11. Når ei kvinne tek imot læra, skal ho vera stille og underordna seg i eitt og alt.

12. Eg tillèt ikkje ei kvinne å undervisa eller bestemma over mannen; ho skal vera stille.

13. For Adam vart skapt først, og så Eva.

14. Og det var ikkje Adam som lét seg lokka. Men kvinna lét seg lokka og braut bodet.

15. Men ho skal bli frelst gjennom barnefødselen – berre dei viser forstand og held fast på tru, kjærleik og helging.

Les hele kapitlet 1. Timoteus 2