Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Timoteus 2:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Framfor alt legg eg dykk på hjartet å bera fram bøn og påkalling, forbøn og takk for alle menneske.

2. Be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så vi kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer.

3. Dette er godt og noko Gud, vår frelsar, gleder seg over,

4. han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.

5. For Gud er éin,og éin mellommann er det mellom Gud og menneske,mennesket Kristus Jesus,

6. han som gav seg sjølv som løysepenge for alle.Det var vitnemålet då tida var komen,

7. og for det vart eg sett til herold og apostel. Eg seier sanninga, eg lyg ikkje. Eg er ein lærar for folkeslag i tru og sanning.

8. Eg vil at mennene alle stader skal lyfta reine hender når dei held bøn, utan sinne og strid.

Les hele kapitlet 1. Timoteus 2