Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Tessalonikar 5:19-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Sløkk ikkje ut Anden!

20. Forakt ikkje profetord,

21. men prøv alt og hald fast på det gode!

22. Hald dykk ifrå vondskap av alle slag!

23. Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og kropp må haldast uskadde, så de kan vera ulastelege når vår Herre Jesus Kristus kjem!

24. Trufast er han som kallar dykk til dette. Han skal òg fullføra det.

25. Be for oss, sysken!

26. Hels alle syskena våre i trua med eit heilagt kyss!

27. Eg byd dykk ved Herren at dette brevet skal lesast opp for dei alle.

28. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!

Les hele kapitlet 1. Tessalonikar 5